Sandsfjord bru som no blir bygd, bind regionen tettare saman. Foto: Einar Schibevaag
Slik såg det ut i sommar. Nå er arbeidet med ny bru over Sandsfjorden snart i mål. Arkivfoto: Einar Schibevaag

Siste støyping på Sandsfjordbrua

Fredag blir Sandsfjordbrua støypt saman til ei heil bru.  Det melder Statens Vegvesen.

—  Me støyper det siste dekket på brua i morgon tidleg. Då når me ein viktig milestolpe i prosjektet, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Arne Thorsen.

Den siste støypinga startar etter planen klokka 08:00 og tar rundt to timar.

Arbeidet med brua er ikkje ferdig sjølv om brua blir heil over Sandsfjorden. Framover skal det blant anna setjast opp rekkverk, lys og støypast kantar på brua. Det skal også leggjast membran og asfalt på brua.

Fylkesveg 46 Sandsfjordbrua opnar for trafikk fredag 27. november.