Sjåfør fastklemd

Ein mann vart frakta til Stavanger Universitetssjukehus etter at han køyrde ut av vegen i Skjold natt til i dag. Sjåføren var fastklemd i bilen og det er uklart kva skadar mannen i 20-åra har fått. Bilen var aleine på vegen og ingen andre køyretøy var involvert i ulukka, melder operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Uhellet skjedde rundt klokka 03.00 natt til søndag og mannen vart frakta med legehelikopter til Stavanger.