Han må dermed stå på for å få bilen klar til finalen i Vestlandsmeisterskapet som går på Vikedal Motorbane neste helg.
— Etter litt trøbbel i første omgang begynte eg å få flyt i andre, men i tredje omgang small eg inn i Johannes Holten Leifsen slik at både hans og min bil vart øydelagt, fortel Kenneth Johansen til holtenmedia.
Han fekk bilen på hjul igjen til fjerde omgang, men skadane var store nok til at det var vanskeleg å få til resultat på Momarken Bilbane.
Nattskift
Rallycross-sjåføren konkluderer med at sett under eitt, har det blitt ein vanskeleg NM-sesong, der han uoffisielt er nummer åtte i klassen sin.
— Likevel tar vi med oss dette som erfaringar mot ein ny sesong, og det blir ny satsing i NM så sant midlane strekkjer til, seier Johansen.
Fram til finalen i Vestlandsmeisterskapet i Vikedal neste helg, blir det eitt og anna nattskift for å få bilen klar, reknar han med.