Stal drivstoff

Ein gong mellom fredag 4. og måndag 7. september har nokon tatt seg inn på eit industriområde på Knapphus og stole 100 liter diesel. — Eigendommen er sikra med bom, men nokon har tatt seg forbi denne, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Politiet er interessert i tips i saka.