I fotballens 5. divisjon tok Skånevik ein viktig heimesiger då Ferkingstad var på besøk onsdag kveld. Heimelaget vann 2-0 etter skåringar av Martin Kristiansen og Ove Straumsøy, båe i første omgang. Dei tre poenga rokkar ikkje ved botnplasseringa, men Skånevik har nå elleve poeng og har kontakt med laga over seg på tabellen. Med ein siger til vil laga klatra over nedrykksstreken.