Justisminister Anders Anundsen (Frp) fekk seg ein rundtur på Sandeid fengsel tysdag ettermiddag saman med partifelle Terje Halleland og leiinga ved fengselet. Etter besøket var justisministeren tydeleg på behovet for vidare drift.
— Sandeid fengsel har definitivt ei framtid. Fengselet er eit godt og veldrive fengsel, men har sine utfordringar, seier Anundsen og har som mål å skaffa tilstrekkeleg med soningsplassar her til lands i løpet av dei neste fem åra.
— Å senda fangar til utlandet er berre ei midlertidig løysing for å ta unna soningskøen, seier han.
Du kan lesa meir om besøket i morgondagens avis.