Ølen sitt A-lag tok med seg tre poeng då dei måndag kveld møtte Vedavåg Karmøy 2 i fotballens 5. divisjon. Martin Rørtveit Vestbø skåra kampens einaste mål like før sidebytte.
Sigeren gjer at Ølen sikrar ein førebels tredjeplass på tabellen, fire poeng bak Sauda som ligg på andre opprykksplass. Dermed er det ein teoretisk sjanse for å greia opprykk når det står to serierundar igjen.
Ølen og Sauda har lik målforskjell.
Ølen møter topplaget Stegaberg på bortebane i neste runde og avsluttar heime mot Falkeid. Laget er avhengig av full pott og at Sauda avgir poeng, blant anna mot Etne som dei møter på heimebane fredag.
M 5. DIV. AVD. 03 2015
Lag | Kampar | Poeng | |
1 | Stegaberg | 20 | 47 |
2 | Sauda | 20 | 45 |
3 | Ølen | 20 | 41 |
4 | Leirvik | 19 | 37 |
5 | Etne | 20 | 29 |
6 | Karmsund | 20 | 25 |
7 | Ferkingstad | 19 | 22 |
8 | Nord | 20 | 22 |
9 | Kopervik 2 | 20 | 20 |
10 | Vedavåg Karmøy 2 | 20 | 19 |
11 | Skånevik IL | 20 | 17 |
12 | Falkeid | 20 | 14 |