Politiet mistenker at teknisk feil på ein støvsugar var årsaka til eit branntillaup i ein bustad i Sandeid torsdag ettermiddag. Huset fekk nokre røykskadar, og huseigaren som sjølv kom til og fell sløkt brannen før brannvesenet var på plass, vart send til legevakt for sjekk. — Han hadde pusta inn litt røyk då han tok seg inn i bygningen, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.