Uhell i Åkrafjorden

Kvinna som køyrde bilen vart lettare skadd etter å ha køyrd i fjellveggen i Åkrafjordtunnelen. Operasjonssentralen melder at uhellet på E134 skjedde midt inne i den sju kilometer lange tunnelen. Brannbil og bergingsbil rykte ut raskt, og tunnelen var mellombels stengt for å berge ut bilen.

Uhellet vart meldt til politiet litt før klokka eitt i dag.