Framleis alvorleg for arbeidar

Tilstanden til mannen i 50-åra som vart skadd då han fekk store mengder jord og stein over seg i samband med grøftearbeid ved ei kraftdemning ved Krokavatnet i Etne sist onsdag, er framleis alvorleg.

— Me har i dag fått opplyst at tilstanden er stabil, og han får framleis intensiv behandling ved Universitetssjukehuset i Stavanger, sa politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor onsdag ettermiddag.

Han fortel at Arbeidstilynet og Politiet gjorde seg ferdige med sitt arbeid på staden i fjellet sist torsdag.

Saka er framleis under etterforsking, og ein har ikkje konkludert i forhold til årsak eller eventuelle reaksjonar. — Det gjenstår mellom anna nokre avhøyr, opplyser Austrheim.

Arbeidstilsynet la med forbod mot arbeid på staden då dei undersøkte staden dagen etter ulykka, då ein meinte at det kunne medføre fare å jobba vidare på staden. Dette vedtaket vart oppheva fredag etter at staden vart sikra etter forskriftene.