Nytt innbrot i Åkrafjorden

Mistanke mot same mann.

Politiet fekk torsdag ettermiddag inn melding om nok eitt innbrot i hytte ved Åkrafjorden, denne gangen ved Bjørkestrando. Saka blir sett i samanheng med mannen som blei pågripen i Fjæra tysdag kveld og som dagen før truleg hadde tatt seg inn i ei hytte på Markhus. — Det er stole litt pengar og nokre kler i frå hytta, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Fredag hadde ein ikkje konkludert om det kan vere same mann som står bak åtte uoppklarte innbrot i Ølen i november. Politiet har store mengde tjuvgods å gå gjennom i etterforskinga. Mannen som vart gripen i Fjæra, vart i ein orskurd i Haugaland tingrett torsdag varetektsfengsla i fire veker.