Dødsulykke i Fjæra

Vogntog velta på E134. Mann i 50-åra mista livet.

Eit vogntog velta på E134 i Fjæra onsdag morgon. Politiet fekk melding om ulykka klokka 06.29.

— Køyretøyet kom frå vest og var på veg austover, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor til Grannar.

Ulykka skjedde etter at køyretøyet passerte Fjæra-tunnelen i retning aust, i starten av stigninga i Fjæra.

Det skal ikkje ha vore vitne til sjølve ulykka.

Mann i 50-åra omkom

Operasjonsleiar Håkon Tornes ved Sør-Vest politidistrikt fortel til Grannar ved 12.30-tiden onsdag at den omkomne er ein utanlandsk mann i 50-åra. Han køyrde for eit verksemd som har kontor på ytre strøk av Haugalandet.

Mannen var åleine i bilen.

Omkøyring

Det velta køyretøyet sperra ved 12.30-tida framleis E134 på staden. Det er omkøyring via gamlevegen gjennom Fjæra-bygda.