Etter å ha vunne 10-0 i førre serierunde, var det Vedavåg 2 som fekk unngjelde på Hatteland Stadion i Vats mandag kveld. Heimelaget vann heile 9-2, etter å ha leia 5-2 ved pause. Vats94/Skjoldar-trenar Eyvind Eidhammer kan ikkje hugse å ha opplevd lignande siffer før. Klubben står med 19-2 i målforskjell på sine siste to kampar. Målskårarar denne gong var Morten Frøland(3), Joachim Frøland(2), Svein Halldor Skare(2), Thomas Nordal Nonslid og Øystein Berge Gjellestad.
Etne såg ut til å gå mot siger etter 1-0 leiing ved pause over Kopervik 2 heime på graset i Etne. Men etter kvilen vart kampen snudd, og Karmøy-laget kunne reise heim med 3 poeng etter å ha sett inn 3 mål i 2. omgang. Etne sitt mål vart skåra av Vebjørn Lye tidleg i kampen.
Laga i Grannar-regionen ligg med dette svært tett på tabellen. Etne har 16 poeng, medan Vats94/Skjoldar og Ølen har 15 poeng kvar. Dei ligg med dette og kjempar om å bli nest best på tabellen etter suverene Skudenes som har 24 poeng.
Les meir om oppgjera i papiravisa på torsdag.