Onsdag sist veke hadde to spente elevar frå Enge skule i Etne avtale om å møta Geir Davidsen, eldsjela bak pengeinnsamlinga til Buddah Smile School i India. Pengane han får inn kvart år bidrar tungt til at elevane ved denne skulen er sikra eit varmt måltid dagleg. For mange er dette det einaste måltidet i løpet av dagen. Derfor er kvar ei krone så viktig.
Dette har 15-åringane Patrik Mikkelsen og Joakim Stødle fått med seg, og saman har dei klart å samla inn 4.109 kroner som ein rørt og glad Geir Davidsen kunne ta i mot.
— Me starta faktisk å samla flasker i fjor, men då konkurrerte me mot kvarandre. Då fekk me inn over 2.000 kroner som me gav til Geir til jul. Etter jul byrja me på nytt, men då bestemte me oss for å samarbeida, seier Patrik.
— Me har hengt opp plakatar på heile skulen, der me spør om me kan få andre sin pant, og me har fått ganske mange flasker frå både lærarar og elevar, seier Joakim.
Livsviktige pengar
Såpass sport har det gått i dette, at gutane har fått lov til å bruka to matematikktimar i veka til flaskeinnsamlinga, dermed får dei også brukt matematikken i praksis. Kvar flaske er nøye ført inn i excel-skjema, kategorisert etter kva type drikke det er og kva type flaske drikka kjem i. Coca Cola var definitivt den hyppigaste gjengangaren gjennom panteautomaten, med heile 388 flasker eller boksar totalt. På ein god andreplass kom iste-flaskene som talte 245 flasker. Til saman har gutane panta 2.972 flasker sidan jul.
Geir Davidsen blir nesten mållaus når han får overrekt både pengar og den flotte excel-oversikten.
— Dette er fantastisk. Buddah Smile School er heilt avhengige av oss, skal dei klara å halda på dei varme måltida som elevane får. På seinhausten i fjor opplevde me banktekniske problem med overføringar av pengar, og då såg me kor viktige vårt bidrag er. Hadde ikkje overføringane kome i gang igjen, måtte skulen slutta med varm mat frå april. Og ifølgje mine kontaktar der nede, er det den varme maten som gjer at elevane kjem til skulen, seier han og takkar både Joakim og Patrik med eit skikkeleg handtrykk.
Dei to 15-åringane gir seg ikkje med dette og er alt i gang med ny innsamling. Og no skal rekorden knusast igjen.
— Me tar gjerne i mot pant frå bygdefolket også, så det er berre til å gi beskjed, seier gutane.