Direktør Atle Berge var på veg frå Kirkenes til Ølen Betong-kontora i Murmansk, men blei nekta innreise ved grensa. Foto: Sirianne Vikestad
Direktør Atle Berge var på veg frå Kirkenes til Ølen Betong-kontora i Murmansk, men blei nekta innreise ved grensa. Foto: Sirianne Vikestad

Stoppa på russegrensa

Russiske myndigheiter anklager Atle Berge, direktør i Ølen Betong, for å vere spion. Berge er nå nekta innreise til Russland i ti år, melder NRK.

Laurdag morgen førre veke var Atle Berge på veg frå Kirkenes til Ølen Betong-kontora i Murmansk, men blei nekta innreise ved grensa. For ein måned siden kom FSB, den føderale sikkerhetstenesta i Russland, på døra til Berge og arresterte han på bakgrunn av påstander om innhenting av informasjon.

– Eg fekk då ei rekke påstander retta mot meg – som ikkje var så lett å forholde seg til. Det er berre å avvise det. Eg fekk truslar som eg ikkje visste om var reelle eller berre eit pressmiddel, seier Berge til NRK.

Det lukkast ikkje Grannar å kome i kontakt med Berge fredag, men han fortel til NRK at han oppfatta at hovudtrusselen var at dei kom til å ta visumet frå han. Då Berge for eit par veker sidan reiste ut av Russland sendte han eit brev til det norske generalkonsulatet i Murmansk om bekymringar for dette.

Frykta for overtaking

Atle Berge har over lang tid sett på utviklinga for det norske næringslivet over den russiske grensa. Ein etter ein har norske verksemder flagga ut, blant anna DNB og Sparebanken Nord-Norge.

– Frykter du at Ølen Betong nå blir overtatt av andre, spør NRK.

– Det er jo ikkje slik at russerne kan storme selskapet sine kontor med spesialstyrker og ta over. Men eg fryktar at det kan ligge fleire ting bak, og at det kan komme fleire tiltak, seier Berge.

Direktøren har budd og jobba i Murmansk dei siste 7-8 åra og gjorde grundige undersøkingar og tilsette eigen advokat for å sikre dokument og ha orden i tinga frå starten av. Nå er han i Kirkesnes og styrer kontora i Murmansk frå der.

– Me har tatt viktige avgjerdsler i selskapet og forretningane går sin gang. Situasjonen er litt meir tungvint, men me har telefon, epost og andre kommunikasjonslinjer, seier Berge.

Avdelinga i Murmansk har for tida ein storkontrakt på gassutbygginga Yamal LNG ved Sabetta i Russland.