Vindafjord-politikarane Ole Johan Vierdal og Inga Øverland Apeland, her på balkongen på  Etne tinghus, aksepterer Etne som kommunenamn.
Foto: Jon Edvardsen
Vindafjord-politikarane Ole Johan Vierdal og Inga Øverland Apeland, her på balkongen på Etne tinghus, aksepterer Etne som kommunenamn. Foto: Jon Edvardsen

Gav frå seg kommunenamnet

Med 19 mot 2 stemmer sa styringsgruppa for samanslång ja til at den nye kommunen skal heite Etne. Etne-ordførar Siri Klokkerstuen er overraska over vendinga.

Tekst: Jon Edvardsen og Arne Frøkedal

Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal har tidlegare stått steilt på at Etne ikkje er ein god idé, trass i eit nesten ultimatum frå naboane om at Etne må få namnet i ein eventuell ny kommune dersom folket seier ja den 26. september.

Mange er overraska, deriblant ordførar Siri Klokkerstuen i Etne.

— Eg hadde ikkje fått signal om dette på førehand. Denne løysinga er god og rettferdig og skapar balanse mellom dei to kommunane, seier ho.

 

Først i arbeidsutvalet

Arbeidsutvalet som er nedsett i samband med kommunesamanslåinga, behandla den vanskelege namnesaka i dag, torsdag, og sender saka med klar tilråding til styringsgruppa som skal ta ei endeleg beslutning seinare i dag.

I arbeidsgruppa, der rådmenn, ordførarar, varaordførar og to frå opposisjonen sit, var det eit klart fleirtal for Etne kommune.

Berre Per Fatland (H) frå Vindafjord formannskap, røysta imot. Han gjekk for Vindafjord som kommunenamn.

Etne-representantane var først ute med ordet då arbeidsgruppa starta diskusjonen og kom med «Etne» som forslag. Etter at Vindafjord-fløyen i utvalet hadde hatt eit gruppemøte, kom ordførar Ole Johan Vierdal attende og sa at dei aksepterte Etne som kommunenamn.

Til styringsgruppa

Styringsgruppa som nå skal behandla saka, består av formannskapa i dei to kommunane. Sidan arbeidsutvalet nå går for Etne som kommunenamn, er det stor sjanse for at styringsgruppa seier det same.

Namnespørsmålet var det vanskelegaste punktet då intensjonsavtalen om samanslåing av dei to kommunane tidlegare i år. Difor blei saka utsett til over sommarferien.

Spørsmålet om samanslåing skal ut til folkerøysting måndag 26. september.

Grannar følgjer møtet i styringsgruppa og kjem attende med meir om saka.