Verken Ølen eller Vats 94/Skjoldar har imponert i årets fotballsesong så langt og har plassert seg midt på tabellen. I kveld møtest dei to Vindafjord-laga til dyst i Ølen. Heimelaget gjekk på stortap ute mot Hemmingstad i førre veke, medan Vats 94/Skjoldar berre greidde uavgjort 4-4 (3-1) heime mot botnlaget Leirvik. Ølen med Ole Arne Pedersen som trenar, ligg eitt poeng bak naboen når dei møtest til prestisjekamp, men med éin mindre spela kamp. Etne får fredag besøk av Hemmingstad, laget frå Haugesund som ligg på plassen bak, på tredje. Hemmingstad er hardtarbeidande og har utmerka seg mest med mange gule kort, heile 28 så langt i sesongen.
Bli med på Grannar si fotballtipping her