Etneelva rann stor og brunfarga tysdag morgon.
Foto: Arne Frøkedal
Etneelva rann stor og brunfarga tysdag morgon. Foto: Arne Frøkedal

Regnet lavar ned

Mykje regn og sterk vind har feia over distriktet i natt, og uvêret held fram. Førebels er det ikkje meldt om større skadar i Vindafjord og Etne.

Sør-Vest politidistrikt melder i morgontimane tysdag at eit tre hadde falle over vegen ved Gjerdesdalsvatnet i Nedre Vats og sperra fylkesvegen. Vegen kunne opnast etter eit par timar, og då hadde trafikken blitt omdirigert via Ølen.

Det store regnfallet har sett sit preg på vassdraga distriktet, og det er varsla både fare for flaum og jordskred.

Tips oss om ekstremvêret, eller send bilde, til tlf.nr. 975 70 789

eller på e-post tips@grannar.no