Lettare skadd i arbeidsulykke

Ein person kom til skade i ei arbeidsulykke ved Ølen Betong i Ølensvåg fredag føremiddag. Den skadde, ein 45 år gamal mann, blei sendt til Haukeland sjukehus i Bergen med luftambulanse. Ifylgje lensmann Ingvar Gjærde har ulykka skjedd ved at mannen kom i klem. Både politi, brannvesen, ambulanse og luftambulanse rykte ut til ulykkesstaden etter at meldinga kom like før kl 09.30. Arbeidstilsynet er også kopla inn i saka. Haukeland sjukehus meldte seinare på dagen at tilstanden ikkje var så alvorleg som dei første meldingane tilsa, og karakteriserer det som lettare skade.