Steinblokka på ti tonn kom ut der vegen er merka på dette biletet. Eitt døgn tidlegare passerte syklistane i sykkelrittet Tour des Fjords her.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Steinblokka på ti tonn kom ut der vegen er merka på dette biletet. Eitt døgn tidlegare passerte syklistane i sykkelrittet Tour des Fjords her. FOTO: TORSTEIN NYMOEN Bilde 1 av 3
Tordag kjempa norske Bjørn Tore Hoem frå Team Joker Byggtorget (t.v.), australske William Clarke og nederlandske Marjin Budding frå Rabobank (bak) om spurtpoeng i Etne sentrum, før dei satte kursen mot Åkrafjorden.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Tordag kjempa norske Bjørn Tore Hoem frå Team Joker Byggtorget (t.v.), australske William Clarke og nederlandske Marjin Budding frå Rabobank (bak) om spurtpoeng i Etne sentrum, før dei satte kursen mot Åkrafjorden. FOTO: TORSTEIN NYMOENBilde 2 av 3
«Langs Åkrafjorden» skulle ha starta på Kyrping laurdag. I stedet var det både start og mål på Teigland.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
«Langs Åkrafjorden» skulle ha starta på Kyrping laurdag. I stedet var det både start og mål på Teigland. FOTO: GRETHE HOPLAND RAVNBilde 3 av 3

Eitt døgn etter Tour des Fjords kom raset

Torsdag konkurrerte nokre av verdas beste syklistar langs gamlevegen i Åkrafjorden. Eitt døgn seinare raste 10 tonn stein ut i traseen.

Det var ved 17-tida fredag at gamlevegen langs Åkrafjorden, om lag midt mellom Kyrping og Teigland, at raset kom. Ingen kom til skade, men raset skjedde berre eitt døgn etter at Aleksander Kristoff og dei andre profesjonelle syklistane passerte raspunktet under andre etappe av det internasjonale sykkelrittet Tour des Fjords.

— Fyrste gongen

Rittleiar Tor Arne Oltedal i Tour des Fjords var ikkje kjend med hendinga då Grannar tok kontakt laurdag. Han fortel at det ikkje er uvanleg, verken i Noreg eller i utlandet, at trasear kan bli blokkert på ein slik måte. Men fortel at det er fyste gong dei opplev ei slik hending så tett opp til arrangementet.

Me ønskjer å lage eit spennande ritt, men at risikoen ikkje skal bli for høg

— Me er opptatt av tryggleiken til både syklistar, publikum og alle andre som er med. Me ønskjer å lage eit spennande ritt, men at risikoen ikkje skal bli for høg. Difor har me fortløpande kontakt med både politi og Statens Vegvesen og legg også opp traseen våre basert på informasjon me får frå dei, seier han.

— Kva konsekvensar kan ei slik hending så tett opp mot arrangementet få med tanke på framtidige arrangement?

— Det er ei hending me kjem til å loggføre og ha med i vår evaluering når me planlegg trasé for Tour des Fjords i 2017 og 2018, fortel han.

Rittet følger gamlevegen for å unngå den 7,4 kilometer lange Åkrafjordtunnelen. Tv-sjåarane fekk også sjå den spektakulære naturen i Åkrafjorden på direkten som følgje av trasevalet. Uvitande om dramatikken som oppsto i trassen berre 24 timar seinare.

Tour des Fjords gjekk laurdag frå Stavanger til Sandes, og blir avslutta sundag med etappen Hinna Park-Stavanger sundag.

Turmarsj flytta

Raset i Åkrafjorden fekk laurdag konsekvensar for turmarsjen «Langs Åkrafjorden» som går mellom Kyrping og Teigland, og som laurdag vart arrangert for 14. gong, og samle om lag 100 deltararar.

Her vart traseen flytta som følgje av raset, og gjennomført med 7 kilometer lang løype Teigland-Miljeteig tur-retur som erstatning for den opphavlege ruta.

— Dette arrangement går vanlegvis tidlegare på året, kor det vanlegvis ikkje er så mykje nedbør i forkant av arrangementet, men vart i år flytta to helger lenger utpå hausten, som følgje av kollisjon med andre arrangement. Det verkar som folk har tatt flyttinga med godt mot, for de får oppleve flott natur også i den nye traseen, seier Leif Arne Løvereide i IF Klypetussen.

— Kjem turmarsjen til å bli flytta permanent etter dette?

— Det må me kome tilbake til etter ei evaluering, seier Løvereide.

PS! Gamlevegen vart opna cirka klokka 11.15 laurdag, etter at Statens Vegvesen sin entreprenør hadde rydda på staden.