Håvard Stople kan bli lagkamerat med Erling Bjarte Rullestad i Etne IL neste sesong. 
Arkivfoto: Magne Skålnes
Håvard Stople kan bli lagkamerat med Erling Bjarte Rullestad i Etne IL neste sesong. Arkivfoto: Magne Skålnes

Ølen best i lokaloppgjer

Vann 4-2 på bortebane mot Etne på laurdag.

Sverre Ramsfjell str, og Stian Haugland sette inn måla for Ølen før pause. Då Haugland auka til 3-0 etter timen såg kampen avgjort ut. Men det var starten på fem intense minuttar i kampen.

To kjappe nettkjenningar frå Kristoffer Grønstad laga ny spenning i kampen. Men Erik Egeland fastsette sluttresultatet til 2-4 til Ølen etter 65 minuttar. Skudenes og Hemmingstad har lagt beslag på dei to øverste plassane i pulja, medan våre lokale lag kjempar om å bli det tredje beste laget.

Med sigeren mot Etne kjem Ølen opp á poeng med naborivalen. Vats94/Skjoldar ligg tre poeng bak desse.

Les meir om kampen i måndagens avis.