Litt tynnare i luggen, men veteranane Magne Christiansen(t.v), og Stian Haugland kom begge på skåringslista mot Vats94/Skjoldar. Foto: MAGNE SKÅLNES
Litt tynnare i luggen, men veteranane Magne Christiansen(t.v), og Stian Haugland kom begge på skåringslista mot Vats94/Skjoldar. Foto: MAGNE SKÅLNES

Ølen vann slaget om Vindafjord

Utkjempa eit noko redusert Vats94/Skjoldar-lag og vann heile 6-0.

Skadar, suspensjonar og spelarar borte på jobb var med på å gjere sitt til at Vats94/Skjoldar vart eit nummer for små denne gongen. Tre av spelarane i startoppstillinga spelte sin første kamp frå start for året, og det vart eindel tunge bein utover kampen.

Ølen sitt lag bestod av unge spelarar, som saman med veteranane Stian Haugland og Magne Christiansen, etter kvart fekk lett kamp mot laget frå nabobygda.

Det stod 2-0 til pause etter mål av nettopp Stian Haugland og Magne Christiansen. Etter kvilen gav ikkje dei raude frå Ølen seg før det stod 6-0 på resultat-tavla. Måla i andre omgang vart sett inn av Per Skjæveland, Magne Christiansen str., Håvard Stople og Sander Totlandsdal.

Med dette gjekk Ølen forbi Vats94/Skjoldar på tabellen, og laga ligg nå på 5. og 6. plass. Ølen har 7 poeng opp til Etne, og det er heile 13 poeng opp til suverene Skudenes.

Les meir om lokaloppgjeret i papiravisa på måndag.