Torsdag vart ein førebels ukjent person millionær i Skånevik, med tomflasker som innsats. Etter at Grannar skreiv om saka fredag har saka vore mykje omsnakka i Grannar-distriktet. Men førebels utan resultat.
LES OGSÅ: Jaktar heldiggris
— Ingen har meldt seg enno, stadfestar rådgjevar Torkel Vik i PR-byrået Apeland på vegne av Pantelotteriet ved 15-tida laurdag.
Mysterium
Saka er eit mysterium for Norges Røde Kors, som får overskotet av Pantelotteriet.
Kvar gong ein vinn i Pantelotteriet, spillar automaten ein høg trudelutt, så ein finn det lite sannsynleg at vinnaren ikkje har merka seg at det vart gevinst.
— Så me håper at dette berre er nokon som ventar med å ta kontakt, seier han.
Men i verste fall er loddet kasta.
Røde Kors kan få pengene
— I så fall har vedkommande kasta eit verdipapir til ein verdi av ein million kroner, seier Vik.
Om ikkje vinnaren meld seg innan 90 dagar går pengane attende til Røde Kors.