Småfolk barnehage har dei siste to åra jobba mykje med relasjonane mellom barn og vaksne, samt relasjonane mellom vaksne og vaksne. Onsdag kunne dei avduka beviset for at dei no kan kalla seg ein relasjons- og språkbarnehage.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Småfolk barnehage har dei siste to åra jobba mykje med relasjonane mellom barn og vaksne, samt relasjonane mellom vaksne og vaksne. Onsdag kunne dei avduka beviset for at dei no kan kalla seg ein relasjons- og språkbarnehage. Foto: Grethe Hopland RavnBilde 1 av 2
Herdis Palsdottir frå Relasjonssenteret
Herdis Palsdottir frå RelasjonssenteretBilde 2 av 2

Vil løfta fram barndomen

I går var ein stor dag i Småfolk barnehage, for som første i landet er dei kvalifisert for å kalla seg ein relasjons- og språkbarnehage. Dermed var det duka for både avduking og fest.

Det er ein relativt morgonkald dag og ute på plassen i Småfolk barnehage i Etne står ungane samla rundt pedagogisk leiar Anne Grete Rullestad, som klargjer gitaren for samling- og songstund ute i det fri. På veggen ved inngangen heng noko mystisk bak eit grått laken som er pynta med raud sløyfe.

— Er alle klare for å syngja så flott og høgt dei berre kan? spør ho, og mens alle dei små kappast om kven som klarar å ropa JA med flest desibel, byrjar Rullestad å spela.

Så syng dei. Høgt, flott og på nynorsk! «Her kjem ho Pippi Langstrømp, tjolla hopp tjolla hei tjolla hoppsan sa»

Me opplever at det rause hos kvar enkelt er blitt større

Barna syng så det ljomar, både om Pippi, Emil og Lille Katt, men så kan styrar Anette Lauareid Hovda introdusera dagens gjest som er Herdis Palsdottir, grunnleggjar av Relasjonssenteret. Ho har fått det ærefulle oppdraget med å avduka det nye skiltet som heng bak det mystiske grå lakenet. Så lyser det mot alle: Småfolk barnehage. Ein relasjons- og språkbarnehage. Inspirert av relasjonssenteret.

Medvitne vaksne

Rullestad og Hovda opplyser at dei i 2014 gjekk inn for å bli ein relasjonsbarnehage, og inspirasjonen kom frå bøker og føredrag som Palsdottir sto for. Relasjonssenteret som ho grunnla i saman med dotter si, Dora Thorhallsdottir i 2006 jobbar ut frå at ein skal løfta fram barndommen ved å erkjenna at når enkelte område er i rivande utvikling hos barn, så er barna ekstra motivert for leik innan dette området. Det vil seia å erkjenna verdien av å smi mens «jernet er varmt»

— Frå ein er fødd til ein er rundt sju år, er alle menneske primært kjenslemenneske. Det betyr at det er før denne alderen at barn tileignar seg ferdigheiter som er knytt til den emosjonelle intelligensen, eller i motsett fall, at dei lærer av sine omsorgspersonar å bli framande for eigne kjensler og pakka dei bort, seier Palsdottir og legg til at mange vaksne i dag har lært som barn at «mine kjensler er ikkje viktige». Mange har blitt møtt med ein «ovanfrå og ned-haldning» der dei opplever at problem har blitt bagatellisert.

— For oss handlar dette i praksis om å bli enda meir medvitne vaksne. Me kan ikkje bestemma kva eit barn skal kjenna inni seg, og dersom eit barn til dømes dett og slår seg, skal me ikkje seia: «Opp igjen. Det går bra!». Kva veit me om det? Om det ikkje er synlege sår, kan det vera årsaker til at barna ikkje har det godt inni seg, seier Hovda og legg til at det viktige i arbeidet er å forstå barnet betre. Ein set stort fokus på å undra seg i lag med barnet, og snakka meir saman.

Eittårig deltidsstudium

Får å få lov til å kalla seg ein relasjons- og språkbarnehage må minst to tredjedelar av dei tilsette gjennomføra eit eittårig deltidsstudium i relasjonskompetanse, og ved Småfolk barnehage er 50 prosent av dei 21 fast tilsette ferdige med denne utdanninga, 30 prosent held på no, og resten vil gjennomføra studiet til neste år. I tillegg held Rullestad og Hovda på med å gjennomføra kvart sitt treårige studium som relasjonsterapeutar, for å styrka kompetansen i barnehagen.

I løpet av desse to åra dei har jobba med relasjonskompetansen kan dei to leiarane sjå at barnehagen har fått eit stort løft. Ein er blitt svært fokusert på det personlege språket og personalet har blitt flinkare å møta barna enn før. Det handlar om å snakka frå hjarta, om det mellommenneskelege og om korleis ein jobbar med seg sjølv.

— Me opplever at det rause hos kvar enkelt er blitt større, både mellom kollegaar og i relasjonane mellom vaksne og barn. Det er viktig å forstå at ein er ei viktig brikke i barnehagen, seier Rullestad.