Møtte fælt syn

Onsdag morgon fekk politiet melding om at 16-17 gjæser og høns var funne drepne på to nabogardar på Sørstranda i Etne. Etter det Grannar erfarer går mistanken i retning laushundar. — Me har vore ut og undersøkt kva som kan ha skjedd. Eit par vitne er avhøyrde, og me har fått veterinær til å vurdere skadane, fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor til Grannar. Politiet har førebels ikkje konkludert med årsak til massedøden.