Politiet i aksjon på ulykkesstaden i Ølen der ei kvinne omkom i februar 2017. Nå er sjåføren dømd til fengsel utan vilkår i 32 dagar.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Politiet i aksjon på ulykkesstaden i Ølen der ei kvinne omkom i februar 2017. Nå er sjåføren dømd til fengsel utan vilkår i 32 dagar. Arkivfoto: Jon EdvardsenBilde 1 av 2
Alvorleg skad. Ulykka skjedde på E134 midt i Ølen sentrum.
Foto: Elin Lothe Haga
Alvorleg skad. Ulykka skjedde på E134 midt i Ølen sentrum. Foto: Elin Lothe HagaBilde 2 av 2

Fotgjengar mista livet

Ein fotgjengar i Ølen omkom etter å ha blitt påkøyrt av ein bil sundag kveld.

E134 i Ølen er sperra etter ei trafikkulukke sundag kveld like før kl. 19.30. Ifylgje Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund er ein person påkøyrt og skal vera alvorleg skada. Det skal vera ein fotgjengar.

Luftambulansen er på veg for å henta den skadde. Vegen blir sperra ei stund.

Ulukka har skjedd midt i Ølen sentrum, like ved Shell bensinstasjon i eit område der det er 50-sone.

Tre politipatruljar, ambulanse og brannbil rykte ut til ulykka.

Skjedde ute i vegen

Operasjonleiar André Skram Hansen ved Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund opplyser til Grannar like etter kl 21.00 at personen er død. Det var ein fotgjengar som omkom. Han blei påkøyrt av ein bil som kom frå vest. Fotgjengaren var kome ut i vegbanen då han blei treft av personbillen. Ulykke skjedde i eit område med fotgjengarfelt.

Det var to personar i bilen. Dei kom ikkje til fysisk skade, men er tilbydd hjelp av Vindafjord kommune sitt kriseteam.

Luftambulansen kom fram til ulykkesstaden og forsøkte å redda livet til den skadde, men livet stod ikkje til å redda.

Politiet kan førebels ikkje gå ut med kjønn eller alder på den omkomne ettersom pårørande ikkje er varsla.

Krimteknikarar og Statens vegvesen si ulykkesgruppe var sundag kveld på staden for å sikra opplysningar om ulukka.