Førarkortet inndrege

Tatt med promille i Ølen.


Ein bilførar i 50-årsalderen blei sundag ettermiddag pågripen av politiet mistenkt for promillekøyring i Ølen. Måleapparatet han måtte blåsa i, viste godt over tilleten verdi. Nødvendige prøvar er tatt og førarkortet er inndrege inn til vidare, opplyser Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.