87-11-hatteland tett

Hatteland-gruppa heidra

Ikkje uventa var det Jakob Hatteland Gruppen i Nedre Vats som stakk av med prisen som Årets bedrift 2016 under Haugalandkonferansen.

Offentleggjeringa skjedde fredag kveld, på tampen av Haugalandskonferansen 2017 i regi av Haugesundregionen Næringsforening (HIN). Jakob Hatteland og hans konsern var nominert til prisen saman med IT-selskapet Appex og Steinsvik Group.

At det var Vindafjord-bedrifta som hanka inn heideren, var ikkje overraskande etter det som har skjedd i Åmsosen dei siste åra, spesielt med det automatiske lagersystemet AutoStore som har tatt store deler av verda med storm.

Jakob Hatteland var også invitert til årets Haugalandskonferanse som føredragshaldarar og inntok podiet tidlegare på dagen. Det er sonen, Stig Hatteland som i dag styrer konsernet etter at mangeårig konsernsjef, Karl Johan Lier har overtatt leiinga av Autostore AS, som nyleg blei seld og prisa til 4,5 milliardar kroner.

Aukar bemanninga

I samband med nominasjonen sa HIN om Hatteland Gruppen:

— Konsernet med base i Åmsosen i Nedre Vats har lagt eit eineståande år bak seg, krona med salet av robotsystemet Autostore, som i desember 2016 blei seld til eit av Europas største oppkjøpsfond for den svimlande sum av 4,5 milliardar kroner.

Gründer Jakob Hatteland og hans medarbeidarar har gjort det til ein vane å utvikla, foredla og vidareselja teknologiprodukt til nasjonale og utanlandske investorar med solid forteneste.

Nå skal ein del av fortenesta frå Autostore pløyast inn i dei to merkevara EMP Secure og RamBase. EMP Secure leverer forretningskritisk IT drift  med utgangspunkt i det høgsikra datasenteret i Vats, mens RamBase er eit komplett ERP-system og forretningsplattform, født i skya.

Hatteland er eit verdsnamn i sin nisje og har skapt hundrevis av arbeidsplassar i regionen.

For å nå måla blir det nå sett i gang ein omfattande rekrutteringskampanje for å tiltrekka seg dyktige medarbeidarar som ønskjer å vera med på satsinga, heiter det frå den regionale næringsforeininga.