Rådmann Kristian Birkeland (t.v) og ordførar Ole Johan Vierdal er glade for at fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (i midten) og resten av fylkeskommunen skal bidra til tettstadutvikling i Ølen. Foto: Per Anda

Lovar litt ekstra

Rogaland fylkeskommune vedtok at Ølen blir ein av fire tettstader i distrikta som Rogaland fylkeskommune vil skal bli ein betre tettstad.

— Målet er å hjelpe kommunane til å utvikle gode tettstader. Dette handlar ikkje om å pynte på vakre landsbyar for turistane sin del, men å lage levande tettstader som blir attraktive for folk å bu og jobbe i, og flytte til, seier fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal til fylkeskommunen sin eigen nettstad.

Kommunen har hovudansvaret, men fylkeskommunen skal hjelpe til med verkemiddel og kompetanse. Dei tre andre pilotkommunane er Sauda, Hjelmeland og Moi.