Feikje Blom på fem år fekk prøve seg på karding av ull medan Cathrine Glette syner korleis ein spinn med spinnehjul.
Liv Astrid H. Hesjedal
Feikje Blom på fem år fekk prøve seg på karding av ull medan Cathrine Glette syner korleis ein spinn med spinnehjul. Liv Astrid H. HesjedalBilde 1 av 7
Marianne Andersen får prøve seg meg kjevlet, medan Anita Øvregård kjem med råd. Emelinn Hundseid vil hjelpe til, men når ikkje skikkelig opp.
Marianne Andersen får prøve seg meg kjevlet, medan Anita Øvregård kjem med råd. Emelinn Hundseid vil hjelpe til, men når ikkje skikkelig opp.Bilde 2 av 7
Tone Staurland fekk prøve seg meg handkverna. Formidlar Linda Merete Høie gjer klar skåla til mjølet.
Tone Staurland fekk prøve seg meg handkverna. Formidlar Linda Merete Høie gjer klar skåla til mjølet.Bilde 3 av 7
Emelinn Hundseid (t.v.) og Lisbeth Bjerga syntest eventyra var kjempe kjekke. Etterpå fekk dei røre i gryta med spikaren. I bakgrunnen sit formidlar Tone Selås
Emelinn Hundseid (t.v.) og Lisbeth Bjerga syntest eventyra var kjempe kjekke. Etterpå fekk dei røre i gryta med spikaren. I bakgrunnen sit formidlar Tone SelåsBilde 4 av 7
Stein og steinarbeid var viktig for Vikedal. Her viser museumsstyrar Monica N. Haugan litt av kva dei besøkjande kan få prøve seg på.
Stein og steinarbeid var viktig for Vikedal. Her viser museumsstyrar Monica N. Haugan litt av kva dei besøkjande kan få prøve seg på.Bilde 5 av 7
Tone Selås hadde også med seg bilete frå gamle røykjestover og fortalde om utviklinga frå eit hol i taket til skorstein og vindauge.
Tove Selås arkivfoto.Bilde 6 av 7
Det er mykje grovt mjøl og korn i flatbrød.
Det er mykje grovt mjøl og korn i flatbrød. Bilde 7 av 7

Glimt frå gamle dagar

Folk kom for å sjå på husa, gamalt handverk og for ein kopp kaffi då Vindafjordmuseet hadde open dag. Fem år gamle Feikje Blom synest det var spennande å karde ull.

Eiet 60-tals besøkande i alle aldrar var innom museet i Vikedal i løpet av nokre timar sundag ettermiddag. Åttande klassingar i bygda, samt NAV og Gnisten hadde vore og stelt i området i forkant av arrangementet. Her var det mykje å lære.

— Me har fått sjå korleis ein karar ull og så spinn det på spinnehjul etterpå, og eg fekk prøve å karde. Og så fekk me kikka på nålebinding. Oppe i det andre huset høyrte me på eventyr om nordavinden som tok mjølet til ein gut og om spikarspuppe, det var kjekt, seier Feikje Blom på fem år.

Saman med familien kom ho køyrande frå Hogganvik denne dagen, men ei stor gruppe valde å gå heile vegen. Vått, men flott, sa dei.

i det andre huset høyrte me på eventyr om nordavinden som tok mjølet til ein gut og om spikarspuppe
Feikje Blom (5)

Eventyrstund

Tove Selås, formildar ved Haugalandmuseene, sat klar oppe i den gamle røykstova for å fortelje eventyr. Den vesle stova var heilt full av born og vaksne som sat tett i tett på dei gamle benkane med ulike typar skinn som sitjeunderlag.

— Geita bæsja gull, det var løye det. Og så har me lært om peisen her og røyen. Eg har også sett eit vikingskip nede i det andre huset, fortel Emelinn Hundseid etter å ha høyrt på eventyret.

— Naboen vår har geiter, men dei bæsjar berre vanleg dei, skyt venninna Lisbeth Bjerga inn, og så ler dei to endå meir. Eventyret om guten som gjekk til nordavinden har tydelegvis sett sine spor i dei små barnesinna.

Gamalt handverk

Museet har samla bygningar, gjenstandar og kunnskap om livet på landsbygda. På slike opne dagar er alle dei små bygningane tilgjengelege for publikum. Ein formidlar er til stades i kvart hus for å vise gamalt handverk og snakke med dei besøkjande. Denne dagen var det ull, korn, stein og baking som stod på programmet.

— Her inne på  stabburet lar me folk få prøva seg på karding av ull, så viser eg korleis ein kan spinne med eit spinnehjul. Eg har også med eit arbeid kor eg driv med i nålebinding. Det er ikkje sjølvspunnen tråd, men skikkeleg ull, og det skal klø litt i starten, fortel Cathrine Glette.

Også ho jobbar som formidlar for Haugalandmuseene og brukar mykje av tida si på Vikinggarden på Karmøy.

Frå korn til mjøl

Like utanfor døra til hovudhuset sit Linda Merete Høie med ei handkvern for maling av korn. Slike små handkverner vart nytta av kvinner, medan dei større som gjekk på vasskraft var mannsarbeid. I distrikta her hjå oss var det oftast rug, havre og bygg som vart dyrka fram og som kom til møllaren eller i handkverna. Kverna er ny, men ein kopi av slik dei såg ut i røynda.

Innanfor døra står Anita Øvregård og svingar kjevlet sitt. Lukta av nysteikte flatbrød spreier seg og smaksprøvane var populære.

— Eg synest det er fint å sjå kor godt Anita passar inn i denne settinga. Produkta hennar er kjempegode og det er kult å sjå kva ho heldt på med, seier Tone Staurland.

Ho er kunde hjå Anita og slår av ein prat, medan ho får sjå korleis leiva vert kjevla og steikt, nett slik det var i gamledagar.

Synleggjering

I eldre tid var det meste som folk omgav seg med handverksprodukt, anten det var til pryd eller nytte. Folk flest var langt meir fingerferdige og allsidige enn det mange av oss er i dag. I og utanfor husa i Vikedal kan ein få ei kjensle med korleis livet var før, slitet, dei gode løysingane og endringane fram til der me er i dag. Dei fire formidlarane gjorde ein formidabel innsats med både kostyme og formidling for å la gjestene ta del i og forstå gamalt handverk denne dagen. Dei viste fram eit gardstun med liv og røre i alle hus, der dei besøkande fekk ta på, prøve og lære.

— Me er så glade for at det kom så mange folk, men det pleier alltid det når me har slike opne dagar her. Me ynsker å aktivisera bygningane og opna museet for små og store, la dei verte kjende med dei ulike bygga og det har me fått til i dag, seier Monica Nicolaisdatter Haugan medan folk strøymer inn porten til museet.