DAB i tunnelar

Omtrent alle tunnelar som hadde FM-nett er nå utstyra med DAB-sendarar. I tillegg har fleire tunnelar som ikkje hadde FM-nett, fått DAB-formidling, opplyser Statens vegvesen. I går slutta NRK å senda på FM-nettet i distriktet, og frå 15. september sluttar også andre kanalar som Radio Norge, P4 og fleire lokalradioar sine sendingar på FM-nettet. — Sjølv om det er fleire tunnelar med DAB-system enn FM-nett, betyr ikkje det at alle tunnelar har utstyr til formidling av radiosignal. Dekninga er likevel betre, og meir kjem etter kvart som ei rekke tunnelar vert rusta opp, fortel seksjonsleiar Øyvind Haaland vegvesenet, Region vest. Hans hugseregel for DAB-dekning er at tunnelar som hadde FM-system, også formidlar det nye sendesystemet.