Kritisk skadd etter fallulykke

Ein 29 år gamal mann fall tidleg fredag ettermiddag ned frå eit tak i Ølen i samband med eit arbeid. Den skadde blei først frakta til legevakta i Ølen og deretter i luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. — Mannen er kritisk skadd, opplyser Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund. Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka til arbeidsulukka som skjedde ved ei bedrift. — Pasienten er alvorleg skadd, heiter det i ei pressemelding frå sjukehuset.