FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Til sjukehus etter ulykke

Ein mann i 40-åra er frakta til Haukeland universitetssjukehus etter eit fall frå ein lastebil i Etne.

Grannar får opplyst på staden at mannen skal ha falle og slått hovudet etter å ramla frå førarhytta til ein lastebil ved Silla-feltet Etne torsdag føremiddag.

Mannen var medviten då Luftambulansen tok av med pasienten ved 12.15-tida.

Sklidd på trinn

— Det kan sjå ut som om at har falle og slått hovudet etter først å ha sklidd på eit trinn på lastebilen, seier politiet sin innsatsleiar på staden, Per Gunnar Kristiansen.

Politiet har foretatt avhøyr av vitne og har avslutta dei tekniske undersøkingane på staden.

— Me jobbar vidare med å innhente relevant dokumentasjon til saka, opplyser han.

Politiet har allereie utelukka sjukdomsanfall som årsak til hendinga, og saka blir etterforska vidare som ei arbeidsulykke.

Hjarte- og lungeredning

Både brannvesen, politi og helsepersonell rykte ut då meldinga om hendinga kom. Etter kvart vart det også rekvirert luftambulanse.

Grannar får opplyst at ein brannmann kom raskt til staden, og at det då vart sett i gang hjarte- og lungeredning på pasienten.

Pasienten var medviten då helikopteret tok av i 12.30-tida.