Køyrde av vegen

Naudetatane rykka ut då det kom melding om at ein einsleg bil hadde køyrd av vegen på E134, i svingene mellom Fjæra og Rullestad like før klokka 14 sundag.

Sjåføren, ein mann i 80-åra var åleine i bilen. Han var på veg i retning austover då han køyrde av vegen. Årsaka til hendinga er ikkje kjend. Kollisjonsputane i bilen vart aktivert, og han klaga på smertet i brystet etter hendinga. Han vart frakta til Haugesund sjukehus for nærare sjekk.

Mannen er ikkje frå Grannar-distriktet, men busett i Hordaland.

Førarkortet hans er førebels beslagagd etter hendinga. Det var manuell dirigering av trafikken på staden ei tid etter ulykka.