Magne Inge Vårvik (t.v) skal stempla stemmesetelen til Sveinung Bjelland som utførte borgarplikta si på førehand, på fredag. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Magne Inge Vårvik (t.v) skal stempla stemmesetelen til Sveinung Bjelland som utførte borgarplikta si på førehand, på fredag. Foto: Grethe Hopland Ravn

Den store valdagen

Fredag var siste sjans til å førehandsstemma til Stortingsvalet, og både på landsbasis og i Vindafjord har det aldri før vore så god oppslutnad blant dei som gjorde si borgarplikt før sjølve valdagen. I Etne er det stabilt.

Sandeidsbu Sveinung Bjelland var ein av dei som valte å stemma på førehand, og aldri før har så mange gjort som han. Verken lokalt eller nasjonalt. Då lokala for førehandsstemming stengde torsdag kveld, var det 889.757 som hadde stemt på landsbasis, og i Vindafjord kommune var talet 1.012 røyster då seniorrådgjevar og politisk sekretær, Magne Inge Vårvik tok oppteljing fredag morgon. Det var også før fredagens post var gjennomgått, og Vårvik rekna med at han kunne telja opp rundt 50 stemmer berre via postgangen denne siste dagen. I tillegg kom også stemmene til dei som gjorde som Sveinung Bjelland, og møtte direkte på rådhuset for å gi støtta eit parti.

— Då har eg gjort borgarplikta mi, og det var jammen mange parti eg kunne velja mellom. Fleire av dei hadde eg ikkje høyrt om ein gong, seier han.

19 parti

Magne Inge Vårvik kan opplysa at i Rogaland kan ein velja mellom 19 parti i tillegg til dei blanke listene. Ein kan røysta på Ap, Frp, Høgre, KrFolkeparti, Sp, SV, Venstre, Rødt, De Grønne, Pensjonistpartiet, Partiet De Kristne, Liberalistene, Demokratene, Helsepartiet, Piratpartiet, Kystpartiet, Alliansen, NKP og Verdipartiet. Det er to fleire enn det var for fire år sidan.

Då har eg gjort borgarplikta mi
Sveinung Bjelland, Sandeid

I Hordaland kan veljarane røysta på Ap, Frp, Høgre, KrF, Sp, SV, Venstre, Rødt, De Grønne, Partiet De Kristne, Liberalistene, Helsepartiet, Kystpartiet, Alliansen og Feministisk Initiativ. I tillegg er det levert inn to lister både for Demokratene og Piratpartiet. Dette er tre fleire enn ved førre stortingsval.

Frå både inn- og utland

Magne Inge Vårvik har jobba med val i kommunen heilt sidan på slutten av 70-talet, og om eit par år er han truleg med på sitt siste val. Han kan ikkje hugsa at førehandsstemminga har vore så god. Ved førre kommuneval i 2015 var det 590 som førehandsstemte, og ved stortingsvalet i 2013 var det 943. For første gong har tale kome over tusen.

Kvar dag har det kome inn konvoluttar med førehandsstemmer frå heile Noreg og frå utlandet, via konsulat i dei forskjellige landa. I Vindafjord har folk hatt høve til å førehandsstemma på fleire stader.

— Me er pålagde å leggja til rette for førehandsstemming i både Sandeid fengsel, på Ølen omsorgssenter og på Vindafjordtunet. Og det har me gjort. Folk har også kunna stemma på Ølen vgs, Lundeneset vgs, Skjold Arena, Vikedal bygdehus, og me har hatt ambulerande førehandsstemming der me reiser heim til folk som ikkje kjem seg ut så lett, seier Vårvik, som i tillegg kan opplysa at dei har hatt utvida opningstider.

Elektronisk registrering

På valdagen skal det for første gong arrangerast elektronisk avkryssing i manntalet, og fungerer alt som det skal, vil mykje tid bli spart på dette.

Måndag er den store dagen, og vindafjordingar kan avlegga si stemme i desse stemmelokala: Skjold Arena, Vindafjordhallen, Sandeid samfunnshus, Vikedal bygdahus, Imsland bygdahus, Ølen kulturhus, Vågen bygdesenter, Bjoa skule, og Vikebygd bygdahus.

Som før i Etne

I Etne kommune har 633 personar røysta på førehand. I tillegg har kommunen mottatt éi brevstemme frå utlandet. Dette er ein auke frå sist val då talet på førehandsrøyster frå kommunestyrevalet i 2015 var 466, men om lag likt stortingsvalet i 2013 då 641 personar røysta før sjølve valdagen. Ved Tinghuset i Etne har dei hatt mange folk innom dørene som vil gje si stemme på førehand.

— Me har hatt ein jamn straum av folk som ynskjer å røysta på førehand. Særs travelt har det vore den siste veka her på Tinghuset, fortel valansvarleg Beate Hetleflåt i Etne kommune som opplever ein god auke frå valet for to år sidan.

— Ved kommunestyrevalet i 2015 var det rundt 200 færre som førehandsrøysta, men ved sist stortingsval er talet nokså likt, seier ho.

Fleire alternativ

I Etne kommune kan du leggja di stemme i urna tre stader på valdagen: Etne kulturhus, Skånevik skule og Sævareid skule.

Førehandsrøysting har vore tilgjengeleg ved Etne Tinghus alle arbeidsdagar, i tillegg til to langdagar og to helger sidan 10. august. I Skånevik var det vore høve til å førehandsrøysta ved Skånevik omsorgssenter og Åkrafjordtunet. Bebuarar ved institusjonane i Etne og Skånevik har hatt høve til å røysta ved Etne omsorgssenter og Skånevik omsorgssenter. For alle som grunna sjukdom eller andre årsaker ikkje har høve til å reisa til stemmelokalet på valdagen, har Etne kommune på lik linje med Vindafjord, budd på ambulerande førehandsstemming.

Følg med på granar.no

Dei fleste vallokala lokalt opna i dag kl 12.00, og kl. 20.00 er det slutt på røystinga og oppteljinga kan starta.

Meiningsmålingane tyder på eit spennande val og at det kan gå lang tid før det blir avgjort om Erna Solberg (H) held fram som statsminister, eller om det blir eit skifte til Jonas Gahr Støre (Ap) som leiar for ei ny regjering.

Grannar vil vera til stades under oppteljinga i Vindafjord og Etne og vil gi ferske lokale rapportar på grannar.no. Interessant blir det også fylgja korleis det går med vågsbuen Terje Halleland (Frp) som har ein god sjanse til å få fast plass i det nye Stortinget.