Redningsaksjon ved Romsa

Ein båt med fire personar ombord gjekk på grunn nær Romsa seint laurdag kveld, melder operasjonssentralen ved Sør-Vest politidistrikt i Haugesund.

Alle fire ombord var rusa, og føraren av båten er meld for promille, opplyser politiet. Båten tok inn vatn og fleire båtar vart sette inn i redningsaksjonen. Dei fire ombord vart sendt til legesjekk.

— Det var tre menn og ei kvinne ombord. Tre av dei var i 50-åra og ein i 30-åra, opplyser operasjonsleiar Rune Plassen hos politiet.

Tok ein time

Det var ein ambulansebåt som først fann havaristen som var på veg til Skånevik, og uhellet skjedde eit par kilometer nord for Vaka. Politiet fekk melding om uhellet klokka 22.30 og klokka 23.43 var den første båten ved dei grunnstøytte.

— Det er utfordrande å lokalisere på sjøen, men fleire ressursar vart sette inn for å finne dei. Det er i utgangspunktet Hovudredningssentralen på Sola som har ansvaret for det som skjer på sjøen, og både dei og vi har oversikt av tilgjengelege ressursar. Også private båtar, opplyser Plassen.

Haugalandet og Sunnhordland har ikkje eigen politibåt.

Ifølgje politiet er årsaka feilnavigering før den 31 fot store trebåten gjekk på eit skjer.