Farleg køyring

Måndag ettermiddag fekk politiet fleire meldingar om farleg køyring med moped og motorsyklistar på vegane mellom Skånevik og Etne. Det er snakk om observasjonar gjort både langs Strondavegen og på Håland. — Ein patrulje reiste ut og fekk etter kvart tak i ein MC-førar. Han kjende seg ikkje att i påstandar om farleg køyring, fortel lensmann Ingvar Gjærde. Han seier politiet vil følgje godt med i området i tida som kjem. Han ber samstundes publikum halde fram med å tipse om farleg køyring, og ber også føresette til innehavarar av køyretøy som ikkje tilfredsstiller krava til vegtrafikkloven om å legge ned bruksforbod av desse. — Mellom anna om det er snakk om trimma mopedar, seier han.