Klokka 13.20 fredag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E134 i Ølen.
— To personbilar er involvert i ulykka. Tre personar er køyrd til legevakt for sjekk, opplyser lensmann Ingvar Gjærde vet Etne og Vindafjord lensmannskontor.
Skadeomfanget til dei tre er ikkje kjend, det er heller ikkje årsaka til hendinga.
E134 vart opna for fri ferdsel att like etter klokka 14.