Noreg møter nå to motstandarar som det er fullt mogeleg å slå og kapra seks poeng. Etter stortapet mot Tyskland i førre VM-kvalifiseringskamp treng laget sårt ein opptur.
— Som me har forsøkt heile året, så jobbar me med kontinuitet. Me har ei stamme med spelarar og jobbar med den, og heile tida forbetra vår måte å spela på. Det er ingen direkte sensasjonar i troppen, seier landslagssjef Lars Lagerbäck til forbundet si nettside.
Markus Henriksen og Pål Andre Helland har ikkje vore med under Lagerbäck tidlegare, men er nå inne i varmen.
— Markus har dessverre vore skada og aldri vore med for fullt. Nå er han i gang, så nå vil eg gjerne sjå han i troppen og kjenne han betre. Helland har kvaliteter me kan ha nytte av, spesielt mot San Marino. Det er ein kamp me rekna med å dominera og han har ein fin pasning- og innleggsfot, seier Lagerbäck som ikkje fann plass til stortalentet Martin Ødegaard.
Landslaget er utan sjanse til å nå verdsmeisterskapet, men kjempar nå for å betra den internasjonale seedinga etter fleire dårlegare, sist med 6-0-tap for Tyskland.
Kampen mot San Marino går på bortebane, medan Nord-Irland kjem til Ullevål på besøk.
Her er Noreg sinn tropp:
Keeperar
Sten Grytebust – Odense
Rune A. Jarstein – Hertha Berlin
Ørjan Nyland – Ingolstadt
Forsvar
Omar Elabdellaoui – Olympiacos
Håvard Nordtveit – Hoffenheim
Birger Meling – Rosenborg
Tore Reginiussen – Rosenborg
Sigurd Rosted – Sarpsborg 08
Jørgen Skjelvik – Rosenborg
Jonas Svensson – AZ Alkmaar
Gustav Valsvik – Eintracht Braunschweig
Midtbane
Sander Berge – Genk
Jo Inge Berget – Malmö FF
Mohamed Elyounoussi – Basel
Pål André Helland – Rosenborg
Markus Henriksen – Hull
Stefan Johansen – Fulham
Martin Linnes – Galatasaray
Ole Kristian Selnæs – St. Etienne
Spissar
Tarik Elyounoussi – Qarabagh
Joshua King – Bournemouth
Alexander Toft Søderlund – St. Etienne
Alexander Sørloth – Midtjylland