Torsdag kveld, ved 19.30-tida, fekk politiet melding om ein mistenkeleg kvit varebil med utanlandske skilter som snoka rundt i Sørstranda-området i Etne. Ein patrulje frå politiet leita i området utan å finne den aktuelle bilen. — Om nokon har gjort observasjonar av noko mistenkeleg i området, vil me gjerne ha opplysningar, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.