Sunnhordland er godt representert i den amerikanske nettartikkelen som blei publisert nyleg. Heile fem av dei ti turane som er trekte fram som svært attraktive vandreturar, er i regionen. Tre av desse i Etne kommune, i tillegg til Folgefonna som også går inn i kommunen.
Artikkelen er eit resultat av eit samarbeid mellom Innovasjon Norge USA, Fjord Norge og fleire destinasjonar, og blei laga etter at Matador Network reiste rundt på Vestlandet.
Eit stort potensial
Per M. Kjellesvik som driv Rullestad Aktiv Fritid, synest det er fantastisk å få slik reklame og håpar det vil få enda meir fart på besøket.
— Me merkar svært godt at interessa for turane til jettegrytene her på Rullestad og opp Langfoss er aukande. Det er mange norske og utanlandske turistar som ynskjer informasjon om turane, seier han.
Kjellesvik meiner at dei til neste sesong må få til eit nytt turkart som viser alle dei merka turane som finst. Han tenkjer blant anna på tur mellom Langfoss/Mosnes og Rullestad.
— Eg har laga eit enkelt kart som viser nokre av turane på Rullestad og det leverer eg ut mange av, men me treng eit skikkeleg turkart, seier han.
Kjellesvik opplever at dei har besøk av mange turistar som har Trolltunga som hovudmål. Då er oppgåva å få dei til å stoppa nokre ekstra dagar for å gå turane som finst lokalt.
— Eg har t.d. samarbeid med turoperatørar i Tsjekkia og Ukraina som lagar bussturar for trolltungaturistar. Dei bur hos oss og ynskjer nå å ha «basecamp» på Rullestad. Då vil dei stoppa fleire dagar og dei har utfordra oss til å laga program for dei medan dei er hos oss. Då er det guida fjellturar, kanopadling, opplæring i fisking o.l. dei er interesserte i.
Saman med cruiseturismen så meiner eg at «hiking» turisme kjem til å veksa enormt hos oss framover, seier Per M. Kjellesvik.
Gode råd
Dette skriv forfattaren i 10.best.com etter besøket på Vestlandet:
«Don’t forget your camera at home. Norway’s best hikes lead to views akin to any description of paradise: cliffs rising from the ocean, waterfalls pouring out to sea and glacial streams emerging from pockets of blue ice. Take it easy and slow, or show off your skills – in Fjord Norway, even a casual stroll can lead to a great reward. Here are 10 amazing hikes full of magical photo ops.»
Les artikkelen her