Siger på overtid

Ølen hadde besøk av Åkra 2, og denne kampen var det Ølen som styrte frå første minutt. Det vart tre nettkjenningar før pause, og etter kvilen kom det fire mål til. Åkra 2 fekk med seg eit par trøystemål i andre omgang, slik at resultatet til slutt vart 7-2 til Ølen. Måla til Ølen vart sett inn av Rune Torstenbø(3), Stian Haugland(2), Hans Rørtveit og Sverre Ramsfjell.

På kunstgraset i Etne var det eit anna Karmøy-lag, nemlig Kopervik 2, som var motstandaren til heimelaget. Etne køyrde store delar av kampen, men det var bortelaget som tok leiinga 0-1 før pause. Kopervik 2 la seg bakpå, og heimepublikumet måtte vente til sluttminutta før Etne fann vegen til nettmaskene. Først utlikna Kristoffer Grønstad til 1-1 like før full tid, og to minuttar på overtid sette Simen Adolfsen inn 2-1 etter hjørnespark.
Desse resultata fører Etne forbi Åkra 2 på tabellen, og dei grønkledde legg seg på ein tredje plass med seks rundar igjen. Ølen ligg på ein åttande plass, ni poeng bak Etne.

Les meir om kampane i torsdagens papiravis.