To sjåførar fekk åtvaring for brot på køyre-og kviletidsreglane, eit køyretøy fekk bruksforbod som følgje av manglande sikring av last og eit køyretøy hadde skriftlege manglar. Det var resultat då Statens vegvesen kontrollerte både tungtransport og lette køyretøy i Etne sundag. Til saman vart 13 køyretøy kontrollerte og vegvesenet summerer opp med at det trass i reaksjonane var mykje bra å sjå.