Søkjer etterkomarar etter Kari Eriksdatter Furdal Nordstrøm.

Søkjer slekt i distriktet

Amerikanaren fann slekta i Sverige. Nå søkjer Marshall Malden i Grannar-distriktet etter fleire slektningar

av Arne Frøkedal

Amerikanske Marshall Malden har tatt kontakt med Grannar for å få hjelp til å oppspora slektningar til oldemora, Kari Eriksdatter Furdal, født i Furdal 25. april 1857.

Ho blei konfirmert i Skånevik 6. oktober 1872 og gifta seg med ein svensk jernbanesmed, Anders Gustaf Nordstrøm i Vaksdal 20. september 1878. Dei hadde to døtrer, den eine var bestemor til Malden. Han har funne ut at familien Nordstrøm flytta til Sauda 26. april 1882 og at Kari døde der 4. juni 1905. Marshall Malden som bur i Ashland, Oregon, har funne og besøkt oldefar, Anders Gustaf Nordstrøm sine slektningar i Sverige.

— Eg håpar at Grannar sine lesarar gjenkjenner informasjonen og kan hjelpa. Planen er å dra til Sauda neste sommar og eg vil gjerne besøka Etne, Skånevik og Furdal også, skriv Malden.

Grannar kan formidla kontakt med amerikanaren som både skriv og snakkar ganske bra norsk.

Kari Eriksdatter Furdal Nordstrøm med familie.
Foto: Privat