Trur medvinden vil halde heilt inn.

Arne Bergsvåg er tredjekandidat på Senterpartiet si stortingsliste i Rogaland, og han gir gass i valkampen for at partiet si gode oppslutningar på meiningsmålingane skal bli utfallet også på valdagen. Foto: Jon Edvardsen

Sp på offensiven

Regjeringsskifte er mål nummer éin for Arne Bergsvåg og Senterpartiet, samstundes som partiet stel veljarar frå nettopp samarbeidspartnar Ap. Han vil heller snakke om samferdsle enn meiningsmålingar trass i at partiet har dobla seg der.

av Jon Edvardsen

Arne Bergsvåg (59), Skjold

Tredjekandidat på Senterpartiet si stortingsliste i Rogaland

Spår i Rogaland: Sp går opp frå èin til to representantar.

Kva er den viktigaste enkeltsaka ?

Gode og trygge lokalsamfunn anten det er i by eller distrikt. Føresetnaden er gode skular og barnehagar med nok personell. I tillegg må vi har arbeidsplassar og ein fornuftig infrastruktur.

Synst du Sp snakkar nok om klimasaka i valkampen ?

Klima burde vere eit meir sentralt tema. Andre mindre viktige saker får for mykje plass, spesielt innvandring i det siste. Om vi ikkje har klima som topp tre, så er det med i heile politikken.

Nemn dei tre viktigaste punkta Noreg kan bidra med i klimapolitikken ?

Noreg er ein storprodusent av rein energi som vi kan auke, som vasskraft og vindmøller. Redusere transport, blant anna unngå å frakte fisk og stein til Kina og tilbake igjen. Dessutan kan Noreg bidra med teknologi internasjonalt.

Regjeringsskifte er mål nummer éin for Arne Bergsvåg og Senterpartiet, samstundes som partiet stel veljarar frå nettopp samarbeidspartnar Ap. Han vil heller snakke om samferdsle enn meiningsmålingar trass i at partiet har dobla seg der.