Upassande tilbod

Politiet er interessert i tips etter at ein mann i 50-60-åra skal ha tilbydd pengar mot seksuelle tenester overfor ei mindreårig jente ved Ølen senter ved 20-tida onsdag. — Om nokon har sett noko, eller opplevd noko liknande, er me svært interessert i tips om kven det er som har kome med slike forslag, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.