Med éin serierunde igjen har Etne sitt A-lag i fotball sikra seg fjerdeplassen i årets 5. divisjon. I måndagens kamp heime mot Hemmingstad kunne dei grønkledde gå av banen med tre poeng etter resultatet 2-1. Det stod 0-0 i oppgjeret til fem minuttar ut i andre omgang då Tøres Rullestad ordna leiing til heimelaget. Gjestene frå Haugesund reduserte 20 minuttar seinare ved Dino Brakic, før Erling Bjarte Rullestad serverte ny og avgjerande skåring for heimelaget i det 75. minutt.
I toppen vann Vedavåg Karmøy det avgjerande oppgjeret mot Haugar 3-2 som gav puljesiger og opprykk til 4. divisjon. Dei andre laga har éin kamp igjen, og i Etne er det fredag klart for sesongens siste lokaloppgjer når Vats 94/Skjoldar kjem på besøk. Ølen skal ha bortekamp mot Hemmingstad. Men alt før runden er det avgjort at Etne blir det beste lokale laget i årets 5. divisjon.
Tabell 5. divisjon avdeling 04
Kampar | Poeng | |
Vedavåg Karmøy | 25 | 65 |
Haugar | 25 | 59 |
Åkra 2 | 24 | 46 |
Etne | 24 | 43 |
Ølen | 24 | 37 |
Stegaberg | 24 | 36 |
Vats 94 / Skjoldar | 24 | 33 |
Skudenes | 24 | 32 |
Torvastad | 24 | 32 |
Hemmingstad | 24 | 29 |
Leirvik Ballklubb | 24 | 25 |
Kopervik 2 | 24 | 21 |
Nord | 24 | 21 |
Sauda | 24 | 10 |