Her blir den tomme bilen tatt opp frå fjorden  ved hurtigbåtkaia i Ølen.
MMS-FOTO: PRIVAT
Her blir den tomme bilen tatt opp frå fjorden ved hurtigbåtkaia i Ølen. MMS-FOTO: PRIVAT

Fann tom bil i sjøen

Funnen på 25 meters djup ved hurtigbåtkaia i Ølen.

Sundag ettermiddag fann dykkarar frå brannvesenet bilen som den sakna Christian Kvamme (28) skal ha disponert.

Mannen har vore sakna sidan torsdag kveld.

LES MEIR HER: LEITAR ETTER 28-ÅRING

Funnen tom

— Bilen er tatt opp, og den var tom, seier operasjonsleiar Andre Skram Hansen ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar like etter klokka 18 sundag.

Då søkte dykkarar framleis i fjorden etter den sakna.

Har etablert kriseteam

Leiteaksjonen på land, som har bestått mellom anna av hundepatrulje og friviljuge er innstilt på grunn av mørket, og vil bli tatt opp att måndag. Då vil ein truleg også sette i verk søk etter den sakna med miniubåt i Ølensfjorden

Kriseteam er etablert i kommunen, og dei pårørande er informert om funnet.