Fem fekk bot

Alle hadde droppa bilbelte.


Utrykkingspolitiet hadde ein trafikkkontroll på E134 i Ølensvåg i går og fem bilistar fekk gebyr for manglande bilbelte. Kontrollen var midt på dagen og i alt 90 bilar vart sjekka.