Måndag kveld var både Ølen og Vats 94/Skjoldar i aksjon i 5. divisjon. Ølen tok turen ut til Kopervik, og målte krefter med Kopervik 2. Ølen kom under tidleg med 0-2, men reiste seg før pause og klarte å ta leiinga 2-3 før sidebyte. Bjørn Tore Lunde, Rune Torstenbø og Sverre Ramsfjell netta for raudtrøyene. Etter pause var Torstenbø frampå igjen, denne gong på straffespark. Sverre Ramsfjell vart siste målskårar i kampen som enda med 2-5 til Ølen.
Vats 94/Skjoldar vann 1-2 borte mot Hemmingstad i Haugesund. Alle måla kom i den første omgangen. Måla til Vats 94/Skjoldar kom på eit sjølvmål og det andre vart sett inn av Leif Emil Thomassen.
Både Ølen og Vats 94/Skjoldar har vist god form i det siste, og spesielt Ølen nermar seg Etne på tabellen. Berre tre poeng skil dei to laga i Etne sin favør. Vats 94/Skjoldar har og ein teoretisk moglegheit til å blande seg inn, der dei ligg fire poeng bak Ølen. Torsdag har laga nye kampar, denne gong på heimebane. Ølen tar imot Nord, medan Vats 94/Skjoldar får besøk av eitt av topplaga, Haugar. Etne spelar sin neste kamp måndag om ei veke, heime mot Hemmingstad.